lørdag 22. april 2017

Solklem


Eg lirka ryggvirvlane på plass, ein etter ein. Klarte å kravla meg ut av sofaen. Kveldssola prøvde å sprengje seg inn i stova. Eg skugga handa for andletet og gjekk ut på kjøkenet.
Ho stod med ryggen til ved kjøkenvasken. Haldt i ein tallerk.
Eg la handa på skuldra hennar. Ho snudde seg. Eg førte henne inn til meg. Ho la hovudet på skuldra mi. Snufsa. Stod slik lenge.
-Eg veit ikkje, sa ho. -Eg er vel berre sliten.
-Det er me vel begge, sa eg.
-Ja, svarte ho.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar