torsdag 6. oktober 2016

Utanfor jobben


Eg sleit meg ut av kontoret og ut av jobben. Eg såg opp. Blått. Vårleg ettermiddag.
-Jaja, du syklar i dag òg.
Eg snudde meg. Kollegaen kom ut døra og smilte.

-Ja, det er jo fint å sykle i dag, sa han.
-Ja, i dag er det fint, svarte eg, og smilte tilbake.
Eg kleiv opp på sykkelen og trilla nedover mot butikken. Tenkte eg skulle kjøpa noko mat som mangla heime. Vårlufta leika rundt andletet mitt.
Ein tiggar stod ved døra til butikken. Eg klarte ikkje å unngå blikket hans. -Har ikkje kontantar, sa eg og smilte orsakande. Han såg berre på meg. Butikken der inne var steril, kantete og kald. Det var ikkje staden ein gjekk til fordi ein ville, men fordi ein måtte. Sterile menneske leita med augene etter matvarer. Eg opna døra til eit kjølerom og fann melk. Og litt pålegg. Makrell i tomat på tube. Og ein kvitost. Borti ein disk fann eg ein klase med bananer. Butikkmannen bak kassa sa eit sterilt "hei" medan det peip mot varene. "Skal du ha ein pose?" "Nei takk". "Skal du ha kvitteringa?" "Nei takk", svarte eg og ga eit lite, sterilt smil.
Eg putta varene i sekken. Eg kjende det tynga bak på ryggen då eg trakka den første oppoverbakken på veg heim.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar