søndag 8. mai 2016

Farleg tusseveg


Tusseguten sprang lett og ledig bortover skogsstien. Hoppa over trestammar. Dukka under kvister. Tussegrisen pusta tungt medan dei korte beina hans trava etter.
Tusseguten senka farten.
-Sjå, kviskra Tusseguten glad. –Der er huset hans.
Dei to satte seg bak nokre buskar og myste ned mot huset i skogkanten. Huset var stille der nede. Ingen menneske var å sjå.
Tussegrisen kremta så stille han kunne.
-Kanskje dei ikkje er heime, kviskra han med grautete stemme.
-Joda, me må berre venta litt, sa Tusseguten.
-Men...tenk om det kjem nokre menneske her. Det er farleg. Då vil dei sikkert fange oss. Kanskje tussemor og tussefar vil at me skal dra attende. Kanskje me skal dra nå...
-Hysj, sa Tusseguten.
Dei lytta intenst. Stirra ned på huset.
Så gjekk dørklinka ned. Og døra opna seg. Først kom ein mann ut. Så ei kone.
-Å, gud hjelpe så store dei er, kviskra Tussegrisen medan han skalv.
-Sj...sjå, kviskra Tusseguten.
Og bak dei to vaksne kom det ein gut. Han var kledd i ei jakke med mange fargar. På hovudet hadde han ei blå lue.
-D-det er Vesleguten i huset peip det frå Tusseguten. H-hei, hei, Vesleguten, heiii....
Tusseguten hadde reist seg opp og byrja å vinka.
-Kva er det du gjer, hveste Tussegrisen. Han kasta seg over Tusseguten og reiv han ned bak buskane. –Du må ikkje gjera det. Dei kan sjå oss! Du må ikkje!
Dei høyrde ein lyd. Og så rulla det noko ut frå eit mindre hus.
-Sjå, sa Tusseguten opprømt. –Det er ein automobil! Vesleguten i huset sit inne i ein automobil! Og nå skal han sikkert køyra til den hagebarnen!
Det knaste i stein og grus under hjula då dei der nede rulla vekk frå huset.
Tusseguten kasta seg opp.
-Eg vil sjå hagebarnen, ropte Tusseguten.
-Nei, er du galen? Nå må me dra heim, sa Tussegrisen.
-Nei, eg vil sjå hagebarnen, sa Tusseguten og la på sprang.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar