søndag 24. april 2016

Tussevår


Tusseguten vakna av ljoset i andletet. Han såg rundt seg. Alle brørne hans var gått på arbeid tidleg om morgonen. Han høyrde tussemor og tussefar som småprata. Borte i ein mørk krok låg Tussegrisen og snorka.
Han reiste seg opp og gjekk etter ljoset. Han merka at det var noko spesielt i dag. Han opna døra. Ei blanding av varm og kjøleg luft helsa til han. Sola skein. Fuglane sang.
Tusseguten sprang inn igjen.
-Tussegrisen! Vakne! Det er vår! Det er vår! Han rista i den dovne grisen.
Han drog inn eit ekstra kraftig snork og smatta.
-Du må vakne Tussegrisen! Du må bli med ut! Det er vår!
Det pusta tungt i grisen. -Vår, grynta han.
-Ja, vår! Kom igjen, bli med ut.
Tussegrisen reiste seg tungt opp og labba sakte ut. Tusseguten sprang bortover stien medan grisen vralta så godt han kunne etter.
-Veit du kva eg har lyst til å gjere i dag, sa Tusseguten.
-Nei, svarte Tussegrisen.
-Eg har lyst til å sjå Vesleguten i huset.
-Vesleguten...men det er vel ikkje lov, sa Tussegrisen og såg engsteleg opp på Tusseguten.
-Neeii, men me skal berre sjå. Og me gøymer oss jo i skogen.
-Vil du gå heilt ned til skogkanten? Men det er jo farleg.
-Ikkje viss me er stille og gøymer oss godt.
Grisen vart stille. Han hadde fått ei djup rynke over augene. Solstrålene leika rundt dei. Småfuglane sang oppmuntrande.
-Kom igjen, så drar me, sa Tusseguten og la på sprang.
-Vent, ropte Tussegrisen. -Ikkje dra frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar