søndag 3. april 2016

Sein middag


Eg trødde forbi nokre nabohus inni skogen. Ein av naboane hadde laga ei lita snølykt som blinka oppmuntrande framfor huset. Eg svinga opp til huset vårt.

Det var stille der inne. Den vesle var nok allereie lagt for kvelden. Eg drog av meg ytterkleda og det sveitte undertøyet, fann noko tørt.
-Hei, høyrde eg frå kona i stova. -Det står noko middag på bordet.
Eg gjekk inn. Ho sat ved bordet. Eg satte meg og la nokre kalde pølser og poteter på tallerkenen.
-Korleis var det på jobben, spurte ho.
-Som det pleier, svarte eg. Eg kjende korleis pølsene og potetene lindra i den svoltne magen. Eg såg opp på henne og la med eitt ned bestikket.
-Eller; eigentleg kjenner eg meg sliten av det heile. Eg skulle veldig gjerne gjort noko anna.
-Kva då, spurte ho.
-Eg veit ikkje. Noko som ga meg meir. Gått turar i skogen og tenkt viktige tankar...
-Fri, meiner du?
-Nei, men meir fridom til å utvikla noko, som ein ikkje veit sikkert kva ein kan tena på.
-Ja, sa ho og såg ut i lufta. -Du har ikkje spurt meg om korleis eg har hatt det på jobb i dag.
-Nei, korleis har du hatt det?
-Du spør i grunnen aldri om det.
-Jo, eg gjer vel det...
-Nei, aldri, sa ho. -Men uansett. Eg har noko å fortelje deg. Eg blir sjølv nødt til å seia opp jobben. Eg klarer den ikkje meir. Er heilt ferdig og må berre kutta den ut, viss eg skal kunna halda på helsa.
Eg såg på henne.
-Hæ?
-Ja, slik er det.
-Men...kva med økonomien vår?
-Ja, kva med den? Ho såg meg inn i andletet.
-Me klarer ikkje å betala lån og slikt med berre ei inntekt, sa eg.
-Det får me berre greia. Det viktigaste er at du har ei kone som har helsa i orden. Og eg vil jo bruka tida på å finna noko anna på sikt, sa ho.
Eg såg ned på tallerkenen. Det låg igjen litt potet og ei halveten pølse.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar