søndag 6. mars 2016

Vintersykkel


To veggar av mørke og snødekte grantre hang over vegen som eg sykla på. Den kalde lufta flaut inn og ut av lungene mine.
Eg kjende at den eine foten var noko kald. Det skuldast mest sannsynleg at det hadde utvikla seg eit hol i eine støvelen. Ikkje så bra når salt og søle skvatt rundt beina mine. Ei lita ljosstrime frå sykkelen fortalte at vegen var full av slaps og skitt. I kontrast til den reine snøen ute i grøfta og på grantrea.
Det irriterte meg at vegen alltid blei salta om morgonen. Det skulle berre koma nokre snøfnugg, så var vegvesenet sine bilar ute og salta i tonnevis. Det var noko hysterisk over det heile. Ein kollektiv angst som ein prøvde å kurera med salt. Vegen vart så stygg. Det øydela inntrykket av snø, kulde og vinter. Og sykkelen min blei rusten og øydelagt.
Eg hadde gitt meg med bussen. Fann ut at det var betre å sykla. Alt vart så trøyttande på den bussen. Trøytte andlet. Trøytte lydar. Trøytte landskap. Ein bussjåfør som aldri ga noko smil (det gjorde forsåvidt ikkje eg heller).  Sykkelen ga meg tid til å skjerma meg frå alt dette trøyttande. Å vera litt åleine. Ein gong tråkka det ein elg over vegen framfor meg. Elles var det berre meg. Og vegen. Og sykkelen...ja, og bilar som kom bak meg.
Eg høyrde lyden av ein langt der bak. Det byrja som eit svakt sus. Som auka i styrke. Det sterke ljoset fekk skogen rundt vegen til å skina opp. Så eit vosj, og bilen var forbi. Søla skvatt borti skoen med hol i.
Eg hadde gjort det eg kunne for å bli sett. Eg hadde reflekstvest på meg. Og til og med ein reflekstvest over sekken på ryggen min. Og ein refleks rundt eine foten. Den skein opp og ned medan føtene mine trødde. I tillegg blinka det i raudt der bak. Eg tenkte at ljos og refleksopplegg fekk det til å sjå ut som at det stod ein politimann og vinka. Det var det einaste som kunne få bilistane til å bremsa ned.
Ein bil kom imot. Eg vende ned andletet for å unngå det blendande ljoset. Ein ny kom bak. Eg kunne høyra at bilisten bak ikkje hadde tankar om å bremsa ned. I staden auka han farten. Han freste opp på sida, og pressa seg mellom meg og den møtande bilen. Det kraftige lufttrykket frå godt over eitt tonn med stål slo mot meg. "Fan" ropte eg. Men bilen var allereie borte bak ein sving.
Ryggen min vart etterkvart våt av sveitte. Det svei i låra opp ein lang oppoverbakke. Den kalde lufta hadde òg byrja å svi i lungene. Eg var ute av den aude skogen og kom til eit tettbygd område. Trafikken tetna til. Ein bilist som køyrde forbi tuta på meg. Eg kom til ei rundkøyring og stirra olmt mot ein annan bilist som gjerne skulle køyrd framfor meg. Så svinga eg av på ein roleg sykkelsti. Eg hoppa av sykkelen og gjekk den siste, bratte stigninga opp mot jobben.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar