søndag 13. mars 2016

Jobb


-Nei, men, har du sykla i dag òg?
Kollegaen kom bak meg. Sykkelen var parkert. Eg opna døra til jobben, framleis med sykkelhjelm og refleksvest på. Og ein sliten og sveitt kropp inni refleksvesten.

-Ja, sa eg. -Eg har nå sykla i dag òg.
-Men er det ikkje forferdeleg kaldt nå?
-Nei, nei, det er ikkje kaldt.
-Men det må vel vera veldig glatt å sykla nå?
-Nei, det er ikkje glatt i det heile.
-Men du har vel piggdekk, då?
-Nei, ingen piggdekk, svarte eg.
-Har du ikkje piggdekk, spurte han og måpte.
-Nei, nei, svarte eg.
Eg fann fram til dusjen som me tilsette kunne bruka. Eg reiv av meg dei sveitte kleda. Kjende det varme vatnet som omslutta kroppen. Vende andletet opp mot det lindrande. Eg fann fram nye, tørre klede. Gjekk bort til kantina og fann ein kaffekopp. Nokre kollegaer sa "hei". Eg svarte med eit "hei". Satte meg ved kontoret. Kaffen smaug seg rundt i overkroppen.
Eg såg på arbeidspulten. Den var ganske rotete. Arbeidssaker. Ein diger papirbunke. Eg opna datamaskinen for å sjekka kor mykje arbeid som eigentleg venta. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar