lørdag 6. februar 2016

Søvn


Me sov uroleg. Ho vrei på seg og eg gjorde det same. Pustane våre var raske og ujamne.

Eg hadde kome inn på kvelden.
-Var ho der, spurte eg.
-Ja, svarte kona mi.
-Og?
-Nei, ho klarte seg ikkje. Men eg føler at ho har det bra nå. Ho og alle dei andre.
Pustane vår segla rundt på soverommet, ut i gangen. På barnerommet låg den vesle. Pusten hans var rolegare på eit vis. Og djupare. Oppe i stova var det sommarmørkt og stille. Alle lys var avslått. Berre kjøleskåpet frå kjøkenet ga ein liten, svak dur. Ute låg eit grått skylag over oss som virvla opp ein kjøleg bris. Den dreiv rundt huset og vidare innover. Grantrea susa i tusmørket.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar