søndag 3. januar 2016

Venting


Eg kikka bort på telefonen. Ingen hadde prøvd å ringa. Og batteriet på telefonen byrja å gå mot slutten.

Eg kjende litt etter på meg sjølv. Jo, det var annleis på den eine sida. Når eg kjende ekstra etter, så var det noko annleis med den eine foten min òg. Og armen. Det liksom prikka ut mot handa og fingrane på den eine sida. Og den eine sida av hovudet. Det kjendest òg som om det var annleis. Som om det eine auget hadde ein annan måte å sjå ting på, enn det andre. På det eine auget hadde skogen vorte veldig mørk og merkeleg. På det andre auget ikkje fullt så. Så helsetilstanden min kunne jo vera skikkeleg alvorleg.
Og dei papirlappane; desse merkelege beskjedane; kva i all verda var det? Var dei eigentleg til meg? Var det nokon som ville sei noko til meg? Eller var det berre eg som haldt på å gå frå vitet?
Eg såg på guten. Den vesle gjekk litt omkring og kikka på lyng og kratt. Han sang og småprata med seg sjølv. Fann ein pinne. Smakte litt på den. Vifta litt med den i lufta.
Så, ja. Kva skulle eg gjera? Dersom batteriet på telefonen gjekk tomt? Og giftsentralen ikkje fekk ringt meg? Og eg sat her, langt inne i skogen med ein liten gut som hadde ete ein uidentifisert sopp? Ein gut som elles ikkje hadde noko mat å få her inne? Og i denne skogen som hadde blitt så merkeleg mørk? I alle fall på det eine auget mitt?
Eg kikka bort på telefonen min, igjen. Ein ny batteristrek hadde forsvunne. Det var ikkje mykje igjen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar