lørdag 9. januar 2016

Telefonen


Med eitt skreik det i telefonen. Den vesle guten skvatt litt der han stod og studerte ein stubbe. Eg hadde site og sett opp på nokre daude bjørkegreiner då lyden frå telefonen skar gjennom lufta.
Den hadde berre ein strek igjen på batteriet. Og nå låg den i lyngen og freste som eit illsint lemmen.
Eg såg ned på den. Så summa eg meg og plukka den opp.
-Hallo, sa eg.
-Ja, hallo, det er frå Giftsentralen, sa det i telefonen. Det var du som sendte det biletet av ein sopp?
-Eh, ja, det var meg, sa eg.
-Ja, den soppen, ja. Det er jammen eit tidleg eksemplar. Men det er nå ein sopp, ja. Ja, me er fleire her som har studert biletet nøye. Og ut frå biletet, med atterhald om at ikkje lysforholda kan gi eit feilaktig bilete, så meiner me at dette er ein pepperrørsopp. Den er ikkje rekna som ein matsopp og den har ein svært sterk smak. Så det er litt rart at guten din klarte å svelgja den. Den luktar til og med ganske sterkt. Så det er litt rart, ja. Viss det har vore mykje regn i det siste der du er, så er kanskje smaken litt utvatna.
-Men er den giftig, spurte eg fort.
-Nei, altså, den er jo ikkje ein matsopp, men det er ikkje direkte farleg å eta den, så...
-Så den er ikkje giftig?
-Nei, den er ikkje rekna som giftig. Det er jo med atterhald om at lysforholda gir eit korrekt bilete....men når eg ser på biletet så kan eg....ja, nei, eg kan seie sikkert at dette er ein pepperrørsopp...ja, det kan eg...
Eg pusta sakte ut.
-Den er grei. Tusen takk skal du ha, sa eg.
-Alt i orden. Ta berre kontakt viss det er noko meir, sa han.

Eg slo av telefonen og såg ned på guten. Han sat og drog handa over noko tyttebærlyng.
-Kva seier du? Skal me dra heim, spurte eg.
Han såg opp på meg.
-Daiapp, svarte han.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar