lørdag 23. januar 2016

Krig


Det var forvridd metall. Knust glas. Støv og røyk. Nokon med kamera ropa om nokon trong hjelp. Men ingen svarte. I den store byen som var så nær oss. Og samstundes så fjern.
-Kva er dette, spurte kona mi. -Er det krig?

Nyhendeopplesaren dukka opp.
-Det ser ut til at det er meir som skjer, sa han alvorleg. Ein stad lenger borte frå byen. Ute på landet, der dei unge hadde samla seg.
-Nei, kviskra kona mi. -Eg trur ho er der.
Me stod som forsteina. Såg og såg. I mange timar såg me. Dei same bileta om og om igjen.
Så klarte eg ikkje meir. Vrei meg laus. Gjekk ut. Utanfor huset var det heilt stille. Illevarslande stille. Som om heile skogen haldt pusten. Himmelen var grå og forvridd. Eg gjekk bort til det halvferdige vedskjulet. Plukka opp ein planke. Smerten skar gjennom brystet då hammarslaga rulla innover skogen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar