søndag 17. januar 2016

Heim


Nokre mørke skyer nærma seg. Regn dreiv over ein stad i horisonten. Men me kunne skimta huset vårt der framme.
-Nå er me snart heime, sa eg.

-Daiapp, sa han.
-Kor i all verda har de vore, spurte kona mi.
-I skogen, svarte eg.
-Ja, men dei turane dine tar alvorleg lang tid, sa ho. -Passa du på at det ikkje var noko hoggorm i nærleiken, spurte ho.
-Hoggorm? Nei, det var ikkje noko hoggorm å sjå der, sa eg.
-Gjekk det bra, då, spurte ho.
-Jaja, det gjekk bra det her, svarte eg. -Men kan du overta han litt? Eg skulle gjerne ha jobba litt med vedskjulet.
Eg lirka av meg meisen og løfta han ut av den. Han opna lukkeleg armane mot mora si. Ho tok imot han og skunda seg inn i huset.

Vedskjulet. Det var berre halvferdig. Det tok lenger tid enn forventa å byggja det. Eg trudde det skulle vera enkelt. Men etter kvart som eg satte opp ein stolpe her og spikra ein planke der, så fann eg ut at eg burde endra planane. Og at det ikkje var så enkelt likevel.
Men det burde bli ferdig snart. For det låg ein diger haug med ved som òg var halvferdig, og som ikkje likte å få regn på seg. Det var strekt ein presenning over. Men den var full av hol etter vær og vind. Så dermed rann det vatn inn gjennom hola. Dessutan hindra presenningen vatnet frå å fordampa igjen. Så det gjaldt å få opp det vedskjulet. Fort.
Eg satte i ein planke på skrå ut frå garasjeveggen. Dermed satsa eg på at vedskjulet ville bli ekstra godt sikra. Eg slo i ein spiker. Hammerslaga ljoma ut i skogen. Eg satte ein masse plankar på skrå. Det skulle nok sikra dette vedskjulet veldig bra. Eg satte nye plankar på skrå andre vegen. Det skulle gjere det endå sikrare.
Eg satte meg ned på ein stubbe. Plukka opp telefonen. Det var framleis litt igjen på batteriet. Eg opna nettlesaren, fann ei avis som kunne gi meg litt nyhende. Nettlesaren opna eit bilete og ei overskrift.
Eg kasta meg opp. - Kva fan, sa eg. Eg sprang inn i huset. -Sett på fjernsynet, ropte eg. -Kva er det, spurte kona mi frå kjøkkenet. Den vesle guten sat i stolen sin i stova med rein bleie, nye klede, brødskive og ein kopp med melk. -Sett på fjernsynet ropte eg igjen. Men eg venta ikkje. Sprang bort og satte på fjernsynet sjølv.
Biletet opna seg.
Kona kom bort, medan ho tørka av ein tallerk med eit kjøkkenhåndkle. Ho såg inn i biletet.
-Herregud, sa ho.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar