lørdag 28. november 2015

Vesletussen


Det var blitt seint på kveld hos skogstussane. Alle brørne, små og store hadde lagt seg. Nokre vrei seg litt. Nokre pusta tungt.

-Du tussefar, kan du fortelje ei historie om vesleguten i huset, spurte vesletussen, som var den yngste hos skogstussane. Han låg på ryggen i senga og kikka opp i taket. Halen hans var bunden fast i halane til alle brørne. Alle låg i den store senga. Ein del av brørne hadde allereie sovna etter ein lang og strevsam dag. Men den yngste guten var framleis vaken.
-Jo, han vesleguten, sa tussefar. -Han bur i eit stort, kvitt hus i utkanten av denne skogen. Der bur han saman med mammaen og pappaen sin.
-Har han ein tussegris, slik som eg har, spurte tusseguten.
-Nei, han har nok ikkje det, svarte tussefar -Men han har ein masse andre rare ting. Han har ein masse med slike leiker som menneskebarna har.
-Har han laga leikene sine sjølv?
-Nei, han har ikkje det. Dei har kome frå det dei kallar "butikken". Der får han alle slike ting.
-"Butikken"?
-"Butikken", ja. Det er slike kjempestore hus med masse forskjellige ting som menneskebarna kan få.
Tusseguten låg og grunna og tenkte.
-Eg har lyst til å treffe vesleguten ein gong, sa han.
-Tja, eg veit ikkje om det er så lett, sa tussefar. For det første er han sjeldan i skogen. Og når han er i skogen saman med pappaen sin, så er han ikkje så langt inne, berre i utkanten. Dessutan trur  eg nok at menneska hadde blitt bra skremde om dei fekk sjå ein av oss. Me ser jo ikkje heilt ut som dei, akkurat...men no trur eg du bør leggja deg til å sova. 
Tussefar byrja å mumla på godnattsangen som alle tussane sang kvar kveld. Sangen om trollefamilien som hadde lagt alle borna sine. Trollefamilien gjorde akkurat som tussane og bandt fast halane når dei skulle sova.

"Når trollemor har lagt sine elleve små troll
og bundet dem fast i halen
da synger hun for sine elleve små troll
de vakreste ord hun kjenner
ho aia aia boff
ho aia aia boff
ho aia aia boff, boff
ho aia aia boff."

Vesletussen og nokre av brørne sang litt med i "ho aia aia boff" på slutten. Nokre av brørne berre grynta litt med i halvsvevne.
-God natt, kviskra tussefar, kyssa vesletussen på panna og sjekka at alle halane var godt bundne saman.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar