fredag 6. november 2015

Oppvaking


Han grynta.
Eg slapp alle lappane og sprang bort til han. Han låg fastspent i meisen og såg opp på trekronene. Eg løyste han så forsiktig eg kunne og satte han på fanget.
-Hei, har du vakna, sa eg.
Han svarte ikkje. Såg med søvnige auge rundt seg.
Eg rugga han litt.
-Er du på tur i skogen, du då, sa eg.
Han svarte med ein lang gjesp. Så smatta han litt.
-Daiapp, sa han.
Eg løfta opp flaska med vatn. Han drakk store slurkar. Til flaska var nestan tom.
-Daiapp, sa han.
-Eg er redd eg ikkje har noko mat, sa eg.
-Daiapp, sa han.
Eg satte han forsiktig ned i lyngen og reiste meg opp. Var det noko bær her, eller var det for tidleg på året? Eg gjekk litt omkring. Skimta alle lappane eit stykke lenger borte. Ja, der var det jammen litt blåbær. Eg plukka dei i handa. Kanskje det ville hjelpa litt. Der var det ein sopp. Men kva slag?
Eg snudde meg. Den vesle hadde kome seg på beina. Han hadde noko i handa. Eg gjekk mot han.
-Hei. Kva er det du har der, spurte eg.
Han løfta opp handa.
-Har du funne deg ein sopp, spurte eg.
Han løfta den mot munnen.
-Nei, du, sa eg og byrja å springa mot han.
Han opna munnen, førte soppen inn.
-NEI, ropte eg. Eg kom fram. Stakk fort nokre fingrar inn i munnen hans. Men det var for seint.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar