fredag 1. juli 2011

Fjernt syn


Nokre menn stod på scenen og sang om at nokon fekk igjen pengar på skatten. Og brukte desse pengane på nye pupper. Så var det ein gammal mann som stod og sang saman med ei ung jente på ei strand.
Eg skjøna ikkje heilt kven han stod med. Om det var barnebarnet hans eller kva. Innimellom var det nokre amatørmessige bilete av ein hårete mann som låg i vatnet. Og ei bikinikledd jente. Så var det ein mann som var ein slags karikatur av rike oppkomlingar. Han stod ved ein bar med sigar, konjakk og smilande jenter. Og overalt snurra det folk i ein evig snurredans. Glade og entusiastiske.
Eg var så trøtt medan eg stirra på dette urnorske fenomenet som alltid blei vist så tidleg på morgonen. Eg frykta at alt som fantes av kultur mellom nokre av trea i skogen heromkring. Det var denne snurredansen.
Me sparte pengar. Og hadde dermed så få kanalar å velgja mellom. Og så tidleg om morgonen var det berre ein kanal å velgja i. Med denne urnorske snurremusikken.
Sjefen slurpa nøgd i seg av den oppvarma melka frå tåteflaska, medan han sat i sofaen og såg på musikkvideoane. Han var så ung at han framleis syntes denne musikken var interessant.
Klokka rørte seg sakte nedover.
Så var det der, endeleg. Åh, det var himmelriket. Når eg kunne skifta til barnekanalen, leggja meg bakover i sofaen, kjenna den vesle varme kroppen til sjefen kvila mot meg og høyra dei velkjende tonane til Drømmehagen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar