fredag 1. april 2011

Tida inne


Eg hadde stått opp igjen. Såg ut morgonvindauget. Det var ikkje mykje nytt å sjå.
Herregud! Å vera borte frå jobben ei veke innebar berre ein ting; Det låg eit hav av uferdig arbeid framfor meg.
ein diger bunke med papir låg på pulten min. Eg snudde på det øverste papiret. Prøvde å finna ut av det.
Mange hadde vore sjuke, fortalte dei på jobben. Og mange var det framleis. Folk vaska seg på hendene i eitt sett. Eg hadde lyst til å klø meg i nasen. Men klarte å unngå det.
Ein kollega fortalte at ein bilist var blitt rana på vegen ikkje så langt unna. Nokon hadde stått ved vegen og bedt om hjelp. Ein bil hadde stansa. Så hadde bilisten blitt rana. Kreftbyen åt seg berre nærare og nærare.
Eg snudde på nokre fleire papir. Eg prøvde å leggja ein plan. Setja opp ei tidsliste. for når det eine skulle vera ferdig. Og så det andre. Dette kom til å ta lang tid.
Så ringte mobilen.
Det var henne.
-Du må koma, sa ho.
-Nå? spurte eg.
-Ja, nå. Tida er inne.
-Jammen...-ikkje noko jammen, avbraut ho. -Du må koma nå!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar