lørdag 25. desember 2010

Kjøpesenteret


Det var blitt mørkt då eg gjekk ut frå jobben. Den automatiske låsen til ytterdøra summa litt bak meg. Eg hadde ikkje heilt forstått dette låsesystemet. Men forstod i alle fall at nå var døra låst. Og at eg ikkje hadde klart å koma meg inn igjen dette døgeret.
Eg såg opp. Kaldt småregn smådusja andletet mitt. Eg gjekk bortover ei gate. Tett med bilar. Dette var ikkje ein stor stad. Men det var alltid tett med bilar. Frå morgon til kveld. Bort til eit kjøpesenter. Inn. Til funklande lys, bakgrunnsmusikk, ei summing av stemmer. Vaksne som gjekk hastig fram og tilbake. Born som stod ved nokre dataspel. Ungdommar som hang omkring. Alle med fjonge klede. Stæsja hårfrisyrar. Unge og eldre jenter med glitrande makeup. Alt sikkert kjøpt på kjøpesenteret. Det virka som om dette kjøpesenteret var sjølve hjartet på denne staden. Eller kanskje ein slags pacemaker. Som haldt liv i noko nytt. Nye, fjonge klede. Nye ting å kjøpa. Det ana meg at denne staden måtte ha vore så annleis for berre nokre år sidan. Kanskje berre nokre bønder som surra på nokre jorde. Så måtte det ha skjedd noko brått og uventa. Som gjorde staden moderne med kjøpesenter og tett trafikk. Og menneske med siste nytt innan makeup, hårfrisyrar og fjonge klede. Det virka som om menneska streva med å tilpassa seg det nye livet. At dei gjorde det dei kunne for å ta avstand frå det gamle bondelivet. Og at metoden var å kjøpa mest mogleg på kortast mogleg tid på dette kjøpesenteret.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar