lørdag 27. november 2010

Til jobben


Det var ein veg som viste det same kvar dag. Etter kort tid gjekk eg lei. Av det halvmørke landskapet. Av den store bussen med trøtte lydar. Og dei få folka som sat spredt, med trøtte andlet.
Eg tok opp matpakken min frå sekken. Sparte tid på å eta frukosten på bussen. Brødskive med kvitost. Og ei flaske med vatn. Nokre av andleta snudde seg mot meg då eg togg på brødskiva.
Bussen stoppa litt her. Og litt der. Ein eldre mann lyste litt opp då han såg ei litt eldre kvinne. Han satte seg ved sida av henne. Eg prøvde å fanga opp kva dei snakka om.
-Eg tenkte at eg likså godt kunne la det skapet stå igjen, i tilfelle du fekk bruk for det, sa han.
-Ja, det er heilt greit det, sa ho.
-Men eg kan godt koma og henta det, viss du vil det, sa han.
-Neeeida, sa ho. -Det er ikkje nødvendig det. Eg kan godt få bruk for det, eg.
-Ja, men du må berre seia frå viss du vil at eg skal fjerna det. Eg kan jo køyra det på fyllinga, viss du vil, sa han.
-Å ja, men neeeida, sa ho. -Det er slett ikkje nødvendig. Eg er berre glad for at skapet står, eg, sa ho.
-Jaja, men du må berre seia frå, så kjem eg meg ein gong, sa han.
-Ja takk, men det er slett ikkje nødvendig, sa ho.
Det nærma seg avstigning. Eg passa nøye på å ha pakka resten av matpakken tilbake i sekken, så lukka den, yttertøyet på. Og så dra i snora. Det var litt ekstra nervepirrande om eg kom meg av bussen i rett tid, når jobben og bussen og staden var ny. Bussen pusta tungt og svinga irritert inn til sida. Den litt eldre mannen og kvinna kikka litt på meg då eg gjekk fram. Eg snudde meg mot bussjåføren og sa "ha det bra".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar